Vi er i gong! I lag med NIFU og Universitetet i Lisboa har vi begynt arbeidet på å lage ei ordbok som omfattar namn på sjøpattedyr på ti forskjellige språk, inkludert gamle, historiske namn.
I tillegg skal vi lage ei oversikt over stadnamn som har med (fangst av) sjøpattedyr å gjere. Desse har eit potensiale for å kunne seie mykje om relasjonen mellom sjøpattedyr og menneskjer. Var sjøpattedyr berre matkjelde eller blei dei jakta for noko anna òg? Korleis oppfatta folk dei? Kva skjer med dyr ein berre har høyrt om? Mytologi og fabeldyr har ofte opphav i verkelegheiten… Difor vil havmonstre og andre mytologiske vesen også bli inkludert.
Her finn du nettsida til prosjektet.