Nytt prosjekt: Marine Lexicon

Kval på 10 språk

Vi er i gong! I lag med NIFU og Universitetet i Lisboa har vi begynt arbeidet på å lage ei ordbok som omfattar namn på sjøpattedyr på ti forskjellige språk, inkludert gamle, historiske namn.

I tillegg skal vi lage ei oversikt over stadnamn som har med (fangst av) sjøpattedyr å gjere. Desse har eit potensiale for å kunne seie mykje om relasjonen mellom sjøpattedyr og menneskjer. Var sjøpattedyr berre matkjelde eller blei dei jakta for noko anna òg? Korleis oppfatta folk dei? Kva skjer med dyr ein berre har høyrt om? Mytologi og fabeldyr har ofte opphav i verkelegheiten… Difor vil havmonstre og andre mytologiske vesen også bli inkludert.
Her finn du nettsida til prosjektet.

Dette bilete illustrerer korleis ein trudde at flensing av kval føregjekk på 1500-talet. Frå: Olaus Magnus (1555). “Historia om de nordiska folken”.

Velkommen til Bergen Osteologi

Velkommen til bloggen til de osteologiske samlingene ved Universitetsmuseet i Bergen. Her finner du informasjon om oss, samlingene våre og forskningen vår.

Vår offisielle nettside finner du her.

For the English version of the blog, go here.

Bilder og annet materiell på bloggen er © Osteologiske samlingen dersom ikke annet er oppgitt. Om noen ønsker å benytte materiale herifra bes de ta kontakt.